![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/8/84/Bloudan_Jerjanieh.jpg/640px-Bloudan_Jerjanieh.jpg&w=640&q=50)
Bloudan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bloudan (arabisk بلودان) er ein landsby i Syria som ligg 51 kilometer nordvest for Damaskus guvernement i Rif Dimashq guvernement, kring 1500 meter over havet. I 2004 hadde han eit folketal på 3 101.[1] Innbyggjarane er hovudsakleg kristne.[2]
Bloudan | |||
بلودان | |||
landsby | |||
Bloudan ligg 51 km nordvest for Damaskus | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Rif Dimashq guvernement | ||
Distrikt | Zabadani-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Zabadani | ||
Høgd | 1 500 moh. | ||
Koordinatar | 33°44′N 36°08′E | ||
Folketal | 3 101 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+3) | ||
Retningsnummer | 13 | ||
![]() Bloudan 33.733333333333°N 36.133333333333°E / 33.733333333333; 36.133333333333 | |||
Wikimedia Commons: Bloudan | |||
Bloudan ligg på toppen av ein ås ovanom Zabadanisletta og er omgjeve av fjellskog. Dei moderate temperaturane og den låge fukta gjer at mange folk frå Damaskus og resten av Syria kjem her om sommaren. Han vert vitja av fleire tusen turistar kvart år, hovudsakleg arabarar frå Libanon og statane kring Persiabukta. Om vinteren er det vanlegvis snø i Bloudan og trekkjer til seg skikøyrarar. Bloudan har mange restaurantar og hotell, og det mest kjende er det store Bloudan Hotel som var vertskap for den første panarabiske Bloudan-konferansen for å diskutere palestinske saker i 1937. Bloudan er òg kjend for dei mange parkane og kjeldene, som Abuzad, Qas'a og Hazir.