Leukemi eller levkemi, også kalla blodkreft, er kreft i beinmerg, lymfeknutar eller andre stader som produserer kvite blodlekamar (leukocyttar). Leukemi er i dag heller eit samnamn enn ein spesifikk sjukdom. Akutte leukemiar kan gje dramatiske symptom, og kan vera døyelege raskt utan behandling. Kroniske leukemiar kan ha mindre eller ingen symptom, og treng ikkje alltid behandling.[1]

Kjappe fakta Klassifikasjonar og ressursar, ICD-9-kode: ...
Leukemi

Ein Wright-farga histologisk beinmargsprøve som viser leukemi.
Klassifikasjonar og ressursar
ICD-9-kode:208.9
ICD-10-kode:C91-C95
DiseasesDB7431
MeSHD007938
MeSHD007938
Lukk

Typar

Leukemi vert delt inn i akutt og kronisk form. Det finst fire hovudtypar av leukemi.

  • Akutt lymfatisk leukemi (ALL)
  • Akutt myelogen leukemi (AML)
  • Kronisk lymfatisk leukemi (KLL)
  • Kronisk myelogen leukemi (KML)

Hjå vaksne er AML og KML vanleg, medan ALL er mest vanleg hjå born.

Ved akutte leukemiar skjer ein rask tilvekst av umogne blodlekamar. Den unormale tilveksten gjer at beinmergen ikkje kan produsera normale blodlekamar. Akutte former for leukemi er mest vanleg hjå born og yngre vaksne.

Kroniske leukemiar har ei sakte oppbygging av store mengder av mogne, men unormale blodlekamar. Akutt leukemi må takast til behandling straks, men det hastar ikkje fullt så mykje med kroniske leukemiar.

Symptom

Skadar på dei bloddannande organa resulterer i mangel på blodplater, som er viktige i blodlevringsprosessen. Dette gjer at personar med leukemi kan få blåmerke eller blødningar. I tillegg gjer sjukdommen pasienten andpusten og trøytt. (Raude blodlekamer) trengst for å transportera oksygen rundt i kroppen. Bein- eller leddsmerter kan oppstå. Hovudverk og oppkastanfall kan tyda på at kreften har spreidd seg til sentralnervesystemet.

Ved kronisk myelogen leukemi er milten ofte forstørra. Forstørra lymfekjertlar er det vanlegaste kliniske teiknet på kronisk lymfatisk leukemi.

Behandling

Ofte vert leukemi behandla med cellegift og stråling. Båe metodane vert òg nytta i kombinasjon med kvarandre. Nokre gonger er beinmergstransplantasjon naudsynt.[2]

Kjelder

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.