From Wikipedia, the free encyclopedia
Bitlis (armensk Բաղեշ Baghesh eller Բիթլիս Bitlis; gammalsyrisk ܒܝܬ ܕܠܝܣ Beṯ Dlis; kurdisk Bidlîs; osmansk-tyrkisk بتليس) er ein by aust i Tyrkia og administrasjonssenter i provinsen Bitlis. Byen har kring 45 000 innbyggjarar (2010) og ligg 1400 meter over havet, 15 km frå Vansjøen, i ein trong dal ved elva Bitlis, ei sideelv til Tigris. Hovudnæringa er hovudsakleg basert på jordbruksprodukt, som frukt, korn og tobakk. Bitlis har vegsamband til andre byar som Tatvan ved Vansjøen, 25 km mot nordaust, og Muş (Mush), 100 km nordvest, og Diyarbakır, 200 km mot vest.
Bitlis | |||
by | |||
Bitlis | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-Anatolia | ||
Provins | Bitlis | ||
Høgd | 1 500 moh. | ||
Koordinatar | 38°24′N 42°06′E | ||
Areal | 1 128 km² | ||
Folketal | 43 109 (2010)[1] | ||
Folketettleik | 38 / km² | ||
Borgarmeister | Fehmi Alaydın | ||
Bitlis 38.4°N 42.116666666667°E | |||
Kart som viser Bitlis.
| |||
Wikimedia Commons: Bitlis | |||
Nettstad: www.bitlis.bel.tr | |||
Bitlis skal i følgje segnet vere grunnlagd av Aleksander den store. Han vart i 648 erobra av kalifen Umar ibn al-Khattab, og fekk så sin eigen khan. Etter at Murad IV av Det osmanske riket erobra Jerevan, vart khanen av Bitlis underkasta han.[2]
Bitlis har alltid vore ein uroleg stad, busett av kurdarar og armenarar, og den 25. oktober 1896 vart armenarane i byen massakrerte.[2]
Klimaet i Bitlis er hardt med lange vintrar og mykje snø. Somrane er varme og med høg fukt. Bitlis har eit tørt kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsb).
Vêrdata for Bitlis | |||||||||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Jan | Feb | Mar | Apr | Mai | Jun | Jul | Aug | Sep | Okt | Nov | Des | År | |
Gjennomsnittleg maks °C | 1,2 | 2,5 | 6,5 | 13,2 | 19,3 | 25,7 | 30,7 | 31,1 | 26,5 | 18,6 | 10,1 | 3,5 | 15,7 |
Gjennomsnittleg min °C | −6,4 | −5,6 | −1,8 | 3,2 | 7,3 | 11,5 | 15,5 | 14,9 | 10,6 | 6,2 | 0,7 | −3,8 | 4,4 |
Gjennomsnittleg nedbør mm | 137,8 | 181,6 | 169,9 | 165,2 | 100,2 | 26,2 | 7,6 | 7 | 18,5 | 91,4 | 161,2 | 155,5 | 1 222,1 |
Gns. solskinstimar i månaden | 74,4 | 92,4 | 155 | 177 | 229,4 | 279 | 303,8 | 300,7 | 276 | 167,4 | 87 | 62 | 2 204,1 |
Kjelde: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü [3] |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.