Bislag
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bislag, òg kalla sval eller skott, er eit utbygg ved inngangsdørene på bustadhus.[1] Funksjonen er dels å skjerma ytterdørene og dempa trekk frå dørene, og dels å vera eit våtrom for å hengja av seg yttertøy og regntøy.[2][3]
I andre bygningsrettleiingar og -skildringar vert bislag brukt om eit gangrom inne i bygningskroppen, i tilknyting til kjøkeninngangen, men dette varierer.[4][5][6][7][8]
Bislaget ved inngangsdøra var eit karakteristisk trekk ved treroms akershusstove.[9] På Jæren var bislag vanleg på bustadhus på landbygda, men ikkje i bynære strøk.[10] Nokre stadar vert bislag brukt om trappeavsatsen under ein svalgang.[11] Frå Østerdalen er det kjend bislaget med eit innebygt rom over, kalla barfrø.[12]
Ved gjenreisninga av Troms og Finnmark i 1945 vart det stilt krav om at alle hus skulle ha bislag, vindfang og gang, som altså vart oppfatta som tre ulike rom/funksjonar.[13]
Ordet bislag kjem frå det nedertyske bislach - «det som er slått fast til noko anna».[14] Bislag heiter på svensk ein farstukvist.[15][16]