BioShock
From Wikipedia, the free encyclopedia
BioShock er eit fyrstepersonsskytespel utvikla av 2K Boston (seinare kalla Irrational Games), og utgjeve av 2K Game. Spelet vart utgjeve for Microsoft Windows og Xbox 360 i august 2007. Ein PlayStation 3-versjon av Irrational, 2K Marin, 2K Australia og Digital Extremes vart utgjeven i oktober 2008, ein OS X-versjon av Feral Interactive i oktober 2009, medan ein mobil versjon vart utvikla av IG Fun. Konseptet til spelet vart utvikla av Ken Levine frå Irrasional, og var basert på ideane om objektivisme av Ayn Rand, i tillegg til påverknader frå andre forfattarar slik som George Orwell. Spelet vert rekna som ein åndeleg oppfølgjar til System Shock-serien, som mange av i Irrational-teamet, inkludert Levine, hadde jobba på tidlegare.
BioShock | |||
| |||
BioShock-logoen | |||
Utviklar(ar) | 2K Boston, 2K Australia | ||
---|---|---|---|
Utgjevar(ar) | 2K Games, Feral Interactive | ||
Distributør | Take-Two Interactive, Steam, Humble Store, PlayStation Store, PlayStation Now, App Store, Microsoft Store, Xbox Games Store | ||
Kreativt ansvarleg(e) | Ken Levine | ||
Design(ar) | Paul Hellquist | ||
Komponist(ar) | Garry Schyman | ||
Serie | BioShock | ||
Spelmotor | Unreal Engine 2.5 | ||
Siste versjon | 1.1 | ||
Plattform(er) | Microsoft Windows, mobil, PlayStation 3, Xbox 360, Cloud, iOS, OS X. | ||
Utgjeving | 21. august 2007 | ||
Sjanger | Fyrstepersons skytespel | ||
Spelemodus | Enkeltspelar | ||
Aldersgrense | 18+ | ||
Nettstad | https://2k.com/en-US/game/bioshock | ||
Del av serien BioShock⠀ | |||
BioShock 2→ |
BioShock tek stad i 1960, der spelaren styrar hovudpersonen, Jack, etter at flyet hans har krasja i havet nær inngangen som fører til undervatnsbyen Rapture. Bygd av forretningsmagnat Andrew Ryan, vart byen meint til å vere ein isolert utopi, men grunna oppdaginga av ADAM, eit plasmid som gjev superkrefter, blir byen sin turbulente nedgang sett i verk. Jack prøvar å finne ein måte å rømme på og kjempar seg gjennom hordar av ADAM-besette fiendar og dei ikoniske Big Daddies. Han kjem i kontakt med dei få tilreknelege menneskja som gjenstår i Rapture, for å til slutt få vite om Rapture si fortid. Spelaren er i stand til å beseire fiendar på ei rekkje måtar ved hjelp av våpen, å utnytte plasmid som gjev unike krefter og ved å slå Rapture sine eige forsvar mot dei. BioShock inkluderer element av rollespel, noko som gjev spelaren ulike måtar å handtere fiendar på, som med sniking. Ein får dessutan moralske val om å redde eller drepe karakterar. Spelet har også trekk frå skrekksjangeren.
BioShock fekk strålande kritikk og vart spesielt godt motteke av kritikarane for si moralbaserte historie, oppslukande miljø og unike setting. Det fekk fleire Game of the Year-prisar frå ulike medium, mellom anna frå BAFTA, Game Informer, Spike TV og X-Play. Sidan utgjevinga har spelet hatt to oppfølgjarar, BioShock 2 av 2K Marin og BioShock Infinite av Irrational Games.