From Wikipedia, the free encyclopedia
Bihar er ein delstat nordaust i India. Hovudstaden er Patna. Delstaten grensar mot Nepal i nord, og dei indiske delstatane Vest-Bengal i aust og Uttar Pradesh i vest.
Bihar ligg rundt elva Ganges og består av fruktbart sletteland der ein driv risdyrking.
Buddha skal ha virka mykje i området som no er Bihar. I byen Bodh Gaya skal han ha fått oppvakninga si, og byen er derfor eit viktig valfartsmål for buddhistar.
Den 15. november 2000 blei den sørlege delen av Bihar skild ut som ein eigen delstat, Jharkhand. Ein av grunnane for delingen var eit sterkt krav blant adivasiane (kastelause stammefolk) som utgjorde ein majoritet i desse områda. Blant desse folka er santalar i stort fleirtal.
Bihar mista store mineralrikdommar ved utskillinga av Jharkhand.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.