![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/5d/Tangerine_Dream_-_Elbphilharmonie_Hamburg_2018_01.jpg/640px-Tangerine_Dream_-_Elbphilharmonie_Hamburg_2018_01.jpg&w=640&q=50)
Berlinskulen i elektronisk musikk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Berlinskulen i elektronisk musikk eller berre Berlinskulen var ei retning innan elektronisk musikk i 1970-åra. Berlinskulen voks fram frå krautrock og fekk dette namnet for dei første utøvarane av sjangeren hadde base i Vest-Berlin i Vest-Tyskland. Stilen vart forma av artistar som Klaus Schulze, Tangerine Dream og Ashra. Musikk frå denne skulen vert stundom rekna som ei sidegrein av New Age eller ambient, men oppstod lenge før begge desse omgrepa oppstod.
Berlinskulen | |||
![]() | |||
Stilmessig opphav | Krautrock Psykedelisk rock Elektronisk kunstmusikk Minimalisme | ||
---|---|---|---|
Kulturelt opphav | Tidleg 1970-åra i Vest-Berlin | ||
Typiske instrument | Synthesizer - Sekvenser - Mellotron - Gitar | ||
Avleidde former | Ambient Electronica New Age Trance |
Sjangeren er identifisert med space-musikk og skilde seg frå den meir rytmebaserte Düsseldorf-skulen som omfattar Can, Cluster, Kraftwerk og Neu!. Desse sistnemnde banda hadde større innverknad på synth pop og techno, medan Berlin-skulen var ein del av røtene til ambient, electronica, New Age og trance.
I 1970-åra varte musikkstykke frå Berlin-skulen typisk over tjue eller tretti minuttar, og fylte ei heil plateside. Då CD-platene kom var ikkje artistane lenger avgrensa at ein måtte snu vinylplata og somme verk har derfor vore eit samanhengande musikkstykke på nesten 80 minuttar.