![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/17/Origanum_vulgare_inflorescence_-_Keila.jpg/640px-Origanum_vulgare_inflorescence_-_Keila.jpg&w=640&q=50)
Bergmynte
From Wikipedia, the free encyclopedia
Bergmynte (Origanum vulgare), òg kalla kungsgras eller kung, er ein fleirårig plante i slekta Origanum i leppeblomfamilien. Ulike underartar og sortar av planta er mykje bruka som krydderplante og då under namnet «oregano».
Bergmynte | |
![]() Bergmynte | |
Status | |
Status i Noreg: ![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Leppeblomordenen Lamiales |
Familie: | Leppeblomfamilien Lamiaceae |
Underfamilie: | Nepetoideae |
Slekt: | Bergmynteslekta Origanum |
Art: | Bergmynte O. vulgare |
Vitskapleg namn | |
Origanum vulgare |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/50/Origanum_vulgare_Prague_2011_2.jpg/640px-Origanum_vulgare_Prague_2011_2.jpg)
Planten vert opptil 40 cm høg. Han har forveda, krypande rotstokk og ein oppretta stengel som greinar seg frå midten og opp. Blada er ovale og snaue ovanpå. Blomatrane er raudfiolette og sit i tette duskar.
Kung veks på tørre bakkar, i kratt og ur, gjerne på solvende stader.
Bergmynte kjem frå middelhavsområdet. Fleire artar er herdige også i Noreg, og på Sørlandet veks det fleire stader forvilla bergmynte.
Arten er heimleg i Noreg og finst på Austlandet nord til Dovre og Lom, på indre Vestlandet og nordover til og med Helgeland og Salten. I Hemsedal veks han opp til 1040 moh.[1] I Sverige veks han nord til Bergslagen, i Finland berre i sørvest, i Danmark manglar han vest i landet. Kung er elles ein europeisk og nordasiatisk plante.
Det er eit utal kryssingar og dyrkingssortar av bergmynte, som varierer noko i utsjånad og ikkje minst smakskarakteristikk.