![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/3/31/Bet_meir_panorama.jpg/640px-Bet_meir_panorama.jpg&w=640&q=50)
Beit Meir
From Wikipedia, the free encyclopedia
Beit Meir (hebraisk בֵּית מֵאִיר) er ein religiøs moshav sentralt i Israel. Han ligg i Jerusalemåsane, kring 15 km frå Jerusalem, like ved hovudvegen mellom Jerusalem og Tel Aviv i Mateh Yehuda regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 546.[treng kjelde]
Kjappe fakta Land, Region ...
Beit Meir | |||
moshav | |||
Namneopphav: Meir-huset | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Jerusalemåsane | ||
Distrikt | Jerusalem distrikt | ||
Kommune | Mateh Yehuda | ||
Koordinatar | 31°47′38.76″N 35°2′13.56″E | ||
Folketal | 775 (2015) | ||
Grunnlagd | 1950 | ||
Tilhøyrsle | Hapoel HaMizrachi | ||
![]() Beit Meir 31.7941°N 35.0371°E / 31.7941; 35.0371 | |||
Wikimedia Commons: Beth Meir | |||
Nettstad: www.ormeir.co.il | |||
Lukk
Moshaven vart grunnlagd på landområdet til ein avfolka palestinsk landsby kalla Bayt Mahsir i 1950.[1][2]
Moshaven vart kalla opp etter rabbi Meir Bar-Ilan.[treng kjelde] Han er hovudsakleg ein askenasisk moshav, og det bur fleire sefardisk familiar i landsbyen. Moshaven består nesten berre av religiøse jødar, og mennene har stort sett på seg «kipot s'rugot» (strikka kippot), men det er òg mange med «svart hatt» og hasidiske familiar.[treng kjelde]