hav From Wikipedia, the free encyclopedia
Beauforthavet (fransk Mer de Beaufort, iñupiaq Taġiuq) er eit randhav til Nordishavet. Det ligg nord for Alaska og det nordvestlege Canada og vest for Banksøya og Patrickøya. Ein set grensa for havet med ei linje frå Point Barrow i Alaska til Prince Patrick Island i Canada.[1]
Beauforthavet | |||
hav | |||
Land | Canada, USA | ||
---|---|---|---|
Del av | Polhavet | ||
Beauforthavet 72°N 137°W | |||
Kart over Beauforthavet med omstridd territorium avmerka.
| |||
Wikimedia Commons: Beaufort Sea | |||
Havet er i kring 450 000 km² vidt og er på det djupaste 4 683 meter. Gjennomsnittleg djupne er på vel 1 000 meter. Store delar av året er havet dekt med is og dei nordlegaste delane har hittil aldri vore isfrie.
Mackenzie-elva, den lengste elva i Canada, munnar ut i Beauforthavet vest for Tuktoyaktuk, ein av få permanente busetnader ved kysten av havet. Fleire mindre elvar munnar også ut i Beauforthavet, som har eit rikt dyreliv med kvalar og fleire ulike sjøfuglar. Gjennom ei rekkje av sund er havet forbunde med Baffinbukta i aust.[1]
Under Beauforthavet finst større førekomstar av petroleum og naturgass. Desse reservoara vart oppdaga på 1960-talet og den fyrste prøveboringa vart gjort i 1986.
Grenselinja mellom Canada og USA som ligg i havet er framleis omstridd.
Havet er kalla opp etter den engelske havforskaren Francis Beaufort.[2]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.