slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia
Batis er ei biologisk slekt i pløsaugefamilien i ordenen sporvefuglar, Passeriformes. Artane i slekta har utbreiing i Afrika sør for Sahara. Batisar er små, butte insektetande fuglar som vanlegvis lever i habitat med open skog eller i buskas. Reiret er lite, fint koppforma og ligg lågt i eit tre eller i ein busk. Dei jaktar insekt i lufta, eller ved å ta byttet frå bakken som ein varslar.
Batis | |
Brunbrystbatis, hofugl, Batis fratrum Foto: Alan Manson | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Pløsauge Platysteiridae |
Slekt: | Batis F. Boie, 1833 |
Dei fleste artane er mykje like i utsjånad, kjønna er vanlegvis ulike. Generelt har batisar iaugefallande fjørdrakt med mørk, flekkete overside og bleikare underside, og ofte med eit farga eller svart brystband på kvit hals. Hovudet har ei grå krone og dei har ei blå augemaske. Mange artar kan reise fjørene på gumpen til ein slags dott. Irisen hos batisar er fargerike. Nokre batisar er ganske vokale og har dessutan evne til å supplere med venglydar når fuglen flyg frå grein til grein. [1]
Batisar i rekkjefølgje etter eBird/Clements Checklist v2017[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.