Basjkirsk
tyrkisk språk / From Wikipedia, the free encyclopedia
Basjkirsk er eit språk i den tyrkisk språkfamilien. Det er i svært nær slekt med tatarsk, og det er dei som meiner det er ein tatarsk dialekt. Dei fleste talarane av basjkirsk bur i Basjkortostan og andre stader i Volga-Uralområdet: I Tatarstan, Udmurtia, Mari El, Tsjeljabinsk oblast, Orenburg oblast, Sverdlovsk oblast og Kurgan oblast, og i Perm kraj. Det finst også små basjkirske minoritetar i Kasakhstan (41 847) og Usbekistan (34 771). Ved folketeljinga i 2010 var det 1 152 000 menneske som snakka basjkirsk i Russland.[1] Tilsvarande tal frå 1989 var i Sovjetunionen 1 047 000 basjkirspråklege menneske. I tillegg var det då 26 737 som oppgav basjkirsk som andrespråk, og omtrent 300 000 basjkirar som oppgav tatarsk som førstespråk.
Kjappe fakta
Basjkirsk Башҡорт теле | ||
Klassifisering | tyrkiske språk vesttyrkiske språk | |
Bruk | ||
Tala i | Basjkortostan, andre stader i Russland, Kasakhstan, Usbekistan | |
Område | Basjkortostan | |
Basjkirsktalande i alt | 1 152 000 (2010) | |
Rangering | ikkje blant dei 100 største | |
Skriftsystem | kyrillisk frå 2010 latinsk alfabet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Basjkortostan | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | ba | |
ISO 639-2 | bak | |
ISO 639-3 | bak | |
Wikipedia på basjkirsk |
Lukk