Barnearbeid
From Wikipedia, the free encyclopedia
Barnearbeid er tilsetjing av barn under ein gitt alder bestemt av lov eller sedvane. I førindustrielle samfunn har det vore vanleg for barn å utføra ulike arbeidsoppgåver som hjelp og opplæring. Med den industrielle revolusjonen byrja ein tilsetja barn i industrien. Etterkvart blei det utforma lover som skulle verna barn mot utnytting og sikra dei skulegang. Ein notidig definisjon på barnearbeid er «barn som arbeider så mykje at det går ut over leik og skulegang».[1] Også lovverket, t.d. arbeidsmiljølova i Noreg, legg vekt på at arbeidet ikkje skal fråta barna skulegang.[2]
Barnearbeid blir rekna som eit stort problem av mange internasjonale organisasjonar som SN og den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO).[4][5] Det blir særleg lagt vekt på å motarbeida barnearbeid som utnyttar barn. SN seier i artikkel 32 i Convention on the Rights of the Child følgjande:
States Parties recognize the right of the child to be protected from economic exploitation and from performing any work that is likely to be hazardous or to interfere with the child's education, or to be harmful to the child's health or physical, mental, spiritual, moral or social development.[4]
Barn har arbeidd i ulik grad gjennom historia. På 1800- og tidleg på 1900-talet var mange barn mellom 5 og 14 frå fattigare familiar i arbeid i vestlege land og koloniane deira. Dei fleste av desse barna var tilsette i landbruket, heimeindustri, fabrikkar, gruver og i tenesteyrke som avisgutar. Nokre av dei arbeidde i skift som varte i 12 timar. Med aukande inntekter for hushald, tilgang på skulegang og innføirng av lovar om barnearbeid gjekk førekomsten av slikt arbeid ned.[6][7][8]
I dei fattigaste landa i verda er likevel rundt eitt av fire barn involverte i barnearbeid. Dei fleste av dei (29 prosent) bur i Afrika sør for Sahara.[9] I 2017 hadde fire afrikanske land (Mali, Benin, Tsjad og Guinea-Bissau) over 50 prosent av ungar mellom 5 og 14 aktive i arbeidslivet.[9] På verdsbasis er jordbruk framleis den største sektoren for barnearbeid.[10] Dei fleste barnearbeidarane finn ein i landlege område og i uformelle økonomiske system i byane. Dei fleste barn som arbeider blir tilsette av foreldra sine, og ikkje i fabrikkar.[11] Fattigdom og mangel på skular er rekna som hovudårsaka til barnearbeid.[12]
I takt med aukande velstand i eit land minskar som regel omfanget av barnearbeid. Det er også innført lovverk for å avgrensa barnearbeid. I tida mellom 1960 og 2003 gjekk delen av barn som arbeider i verda ned frå 25 til 10 procent, og ein har spådd at minskinga skal halda fram.[13] Det totale talet på barnearbeidarar er likevel framleis høgt. UNICEF og ILO har estimat på at 168 millionar barn mellom 5 og 17 år i verda tok del i barnearbeid i 2013.[14]
Mange stader kan ein rekna barnearbeid som naturleg eller nødvendig, med barn i arbeid side om side med familiemedlemmer, med arbeidsoppgåver tilpassa alder og fysikk der felles innsats er avgjerande for overlevinga til familien. Arbeidet kan òg verka som ei opplæring og utdanning som avgjer den seinare posisjonen til barnet og tilhøyre i samfunnet. Ofte er det barnet si inntening som betaler skulegangen for barnet. Eige arbeid kan vera vegen til barnet ut av fattigdom.[15]
I 1838 blei det vedtatt ei lov i England om 8-timarsdag for barn i aldersgruppa 9-13 år og 12-timarsdag for tenåringar, 13-18 år gamle.[16]