From Wikipedia, the free encyclopedia
Barbara Ruth Dickson (fødd 27. september 1947)[1] er ein skotsk songar som hadde hittar som «I Know Him So Well» og «January February». Dickson har gjeve ut femten album som har nådd UK Album Chart frå 1977 og fram til i dag, og hatt mange hitsinglar, mellom anna fire som har nådd topp 20 i Storbritannia. Avisa The Scotsman skildra ho som den mestseljande skotske songarinna.[2]
Barbara Dickson | |||
| |||
Fødd | 27. september 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Dunfermline, Skottland | ||
Fødenamn | Barbara Ruth Dickson | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1968 til i dag | ||
Sjanger | pop, middle of the road | ||
Instrument | Vokal, gitar, piano | ||
Plateselskap | RSO, Epic, Voiceprint Greentrax | ||
Verka som | Songar-låtskrivar, musikar, skodespelarinne, presentatør | ||
Prisar | offiser av Den britiske imperieordenen, Laurence Olivier Award for Best Actress in a Musical, Laurence Olivier Award for Best Actress in a Musical |
Ho har to gonger vunne Laurence Olivier-prisen som skodespelarinne,[3] med roller som Viv Nicholson i musikalen Spend Spend Spend, og ho var den originale Mrs. Johnstone i Willy Russell-musikalen Blood Brothers.[4] På TV har ho spelt Anita Braithwaite i Band of Gold.
Barbara Dickson har klart å balansere karrieren innan musikk og musikalsk teater. Ho var ein toppseljande artist i 1970-åra, då ho spelte inn hittar som «Answer Me» og «Morning Comes Quickly», og ho hadde òg hittar i 1980-åra med «January, February» og ein duett med Elaine Paige på «I Know Him So Well». Debutalbumet hennar, All for a Song, selde meir enn 600 000 eksemplar og låg inne på den britiske albumlista i meir enn eitt år. I 1990-år spelte ho inn eit album med Bob Dylan-songar, Don't Think Twice It's Alright, og eit album med tradisjonelle keltiske songar, Parcel of Rogues. Dickson har hatt ei like imponerande karriere som skodespelarinne. Debuten hennar var i Willy Russell-musikalen John, Paul, George Ringo....and Bert i 1974, og ho heldt fram med showet då det flytta frå Everyman Theater i Liverpool til West End i London. Ho heldt fram å arbeide med Russell, og Dickson fekk ein Society of West End Theater-pris som beste skodespelarinne i ein musikal for rolla si i Blood Brothers. Ho kom attende til teateret etter ein lang pause seint i 1997, då ho vart med i ein ny produksjon av Christopher Bond, The Seven Ages of Woman, som hadde premiere i Liverpool Playhouse. Ho vann prisen for beste teaterskodeplarinne frå Liverpool Echo Arts and Entertainment for rolla si. Dickson har heldra fram å hauste heider. Ho fekk Laurence Olivier-prisen og Variety Club of Great Britain show business-prisen for beste musikalskodespelar.
Archie Fisher and Barbara Dickson
Soloalbum
|
Singlar
|
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.