From Wikipedia, the free encyclopedia
Baoding er eit byprefektur i den kinesiske provinsen Hebei. Fram til 1958 var Baoding provinshovudstad i Hebei med namnet Qingyuan (Chingyüan). Folketalet vart i 2005 rekna til 10,9 millionar. Sjølve byen hadde i 2003 635 500 innbyggjarar.
保定 (Bǎodìng) | |
---|---|
Tidlegare namn | Paoting; Qingyuan (Chingyüan) |
Dei gamle lotushagane i Baoding. | |
Styresmakter | |
Land Provins |
Folkerepublikken Kina Hebei |
Geografi | |
Flatevidd | 22 184,95 km² |
Flatevidd - By |
22,159 km² |
Innbyggjarar - By (2005) - folketettleik |
10,890,000 359,1/km² |
Koordinatar | 38°51′N 115°29′E |
Tidssone | UTC + 8 (UTC+8) |
Diverse anna | |
Bilnummer | F |
Heimeside: http://www.baoding.gov.cn/ | |
Nettstad: bd.gov.cn | |
Plassering | |
Baoding ligg ved elva Fu og har ei elvehamn. Han ligg aust for Taihangfjella, ved utkanten av Den nord-kinesiske sletta, og 150 km sørvest for Beijing.
Arkeologiske funn viser at historia til byen går tilbake til andre delen av Shang-dynastiet (Yin-tida). På den tida hadde elva Huang He eit nordlegare laup og rann ut i Bohaibukta ved Baoding. Men denne og andre elvar har ført med seg så mykje jord og slam at kystlinja har flytta seg langt austover slik at Baoding ligg nokså langt frå havet.
Byen ligg i eit landbruksområde og har næringsmiddelindustri og annan lettindustri, til dømes gjødselfabrikkar, bomullsveveri og varmekraftverk.
Baoding er også kjend for filmstudio og industri knytt til dette. Ein av dei største arbeidsgjevarane i byen er China Lucky Film, den største kinesiske produsenten av fotosensitive materiale og magnetisk opptaksutstyr.
Byen er til ein viss grad vorte internasjonalt kjend for miljøindustrien sin, det vil seie selskapet Yingli Green Energy som produserer kiselingoter, kiselplater, solceller og solarmodular av polysilisium.
Historia til Baoding går tilbake til Han-dynastiet. Byen vart øydelagt av mongolane på 1200-talet, men etter at mongolane oppretta Yuan-dynastiet vart han gjenoppbygd. Namnet «Baoding» stammar frå dette dynastiet si tid — det kan tolkast omtrent som 'vernet åt hovudstadenn»; hovudstaden til Yuan-dynastiet var Khanbalik, det vil seie Beijing.
I mange år var Baoding hovudstad for provinsen Zhili, og var eit viktig kulturelt sentrum under Ming-dynastiet og under det tidlege Qing-dynastiet. Byen fortsette å vere provinshovudstad også etter at provinsen fekk det nye namnet Hebei. Under andre verdskrig hadde dei japanske okkupantane eit av sine viktigare hovudkvarterer i byen.
I 1958 overtok Tianjin (inntil då byprovins) som provinshovudstad i Hubei. Då Tianjin fekk tilbake sin status som eigen byprovins i 1966, vart Baoding igjen provinshovudstad. Men allereie i 1970 vart den raskt voksande storbyen Shijiazhuang provinshovudstad istaden.
Dei fleste av innbyggarane i byprefekturet er han-kinesarar. Det vert tala ein eigen dialekt av mandarin, kalla baodingdialekten, som igjen innordnast som ein variant av Ji-Lu-mandarin. Til tross for Baoding ligg nær Beijing ligg dialekten ikkje så nær beijingdialekten, men er meir beslekta med tianjindialekten.
Baoding administrerer fire bydistrikt, fire byfylke, og 18 fylke:
«Baoding» i Store norske leksikon, snl.no.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.