![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/23/Baggy_Point_-_geograph.org.uk_-_1366685.jpg/640px-Baggy_Point_-_geograph.org.uk_-_1366685.jpg&w=640&q=50)
Baggy Point
From Wikipedia, the free encyclopedia
Baggy Point er eit nes nord i Devon i England. Det skil buktene Croyde og Morte Bay med strendene Woolacombe og Putsborough.
Kjappe fakta Land ...
Baggy Point | |||
nes | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
![]() Baggy Point 51.14°N 4.25°W / 51.14; -4.25 | |||
Wikimedia Commons: Baggy Point | |||
Lukk
Neset består av sandstein og er ein populær klatreplass.[1]
Området er eigd av National Trust,[2] og er ein del av ein Site of Special Scientific Interest (stad av særleg vitskapleg interesse) på grunn av dei geologiske tilhøva her med sandstein frå øvre devontida.[3]
Det er spor etter menneskelege busetnader frå mellomsteinalderen. Under den andre verdskrigen vart området nytta som treningsområde av amerikanske styrkar før D-dagen.[4]