Badstove
From Wikipedia, the free encyclopedia
Badstove eller badstue er eit sterkt oppvarma hus eller rom ein kan bruka til å ta sveittebad. Det kan vera eit eige hus, eller eit rom i eit hus, gjerne knytt til bad eller symjeanlegg.
Det internasjonale ordet sauna kjem frå finsk, og den finske forma for badstove er òg den mest kjende, men mange kulturar har variantar som er tett på den finske. Desse er mellom anna den nordamerikanske sweat lodge, tyrkisk hamam, termane til romarane, mayaindianarane sin temescal og russisk banja.
Badstova inneheld ein elektrisk eller vedfyrt omn med steinar. Vanlegvis er det trebriskar til å sitja eller ligga på. Trebriskane er ofte laga av svartor. Anna utstyr er vassbøtte, ause, termometer og fuktmålar. I ei finsk badstove er det òg bjørkeris med lauvet på.
Bruken av badstuova byrjar med å varma opp omnen til temperaturen blir passe høg. Innimellom tar ein litt vatn på steinane slik at lufta blir fylt av damp. Dette overfører varmen frå steinane til alle overflater i rommet. I badstova sveittar ein godt før badstoebadet blir avslutta med «kald avriving» med bad i kaldt vatn eller snø som stoppar sveittinga. Utebadstover blir ofte bygde nær vatn.
Bruk av badstove blir sagt å ha helsemessige fordelar, sjølv om dei som har hjartesjukdommar og nokre andre plager blir anbefalte å visa varsemd.[1][2]
Før i tida pleidde finnane å bruka badstova til ei rekkje høve. Heimefødslar føregjekk gjerne i badstua, der dei nyfødde òg fekk sin første vask. Badstover har alltid blitt brukt til både sosialt samkvem og til eige bruk. Blant mange finnar blir sauna sett på nødvendig. Finland har over 5 millionar innbyggarar og det finst over 3 millionar badstover, som tilsvarar éi per hushald.[3]