Avkutta oktaeder
arkimedisk lekam med 6 firkanta og 8 heksagonale sider, 24 hjørne og 36 kantar / From Wikipedia, the free encyclopedia
Eit avkutta oktaeder er ein arkimedisk lekam med 6 firkanta og 8 heksagonale sider, 24 hjørne og 36 kantar. Denne blir konstruert ved å kutte ein tredjedel av kantane i alle endar av eit oktaeder. Dette gjev 6 nye firkanta sider og gjer dei gamle trekant-sidene heksagonale.