Arkimedisk lekam
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein arkimedisk lekam er innan geometri ein tredimensjonal lekam (polyeder) som består av to eller fleire polygonar som møtest i like hjørne.[1] Dette skil seg frå platonske lekamar som består av like polygonar som møtest i like hjørne, og katalanske lekamar kor det er sidene som er like og kantane ulike.
Pseudorombkuboktaederet er eit særtilfelle. Den har rettnok «like hjørne», men dei står ikkje i ein symmetrisk stilling, som ein kunne forvente av både platonske, arkimediske og katalanske lekamar. Dermed kan pseudorombkuboktaeder både reknast og ikkje reknast som eit av desse.