Avarar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Avararane eller pannoniske avarar (også kjende som obri i gammalrussiske kjelder[2]; abaroi eller varchonitai[3] eller pseudo-avarar[4] i bysantinske kjelder) var ei gruppe eurasiske nomadar av ukjent opphav[5][6][7] i tidlegmellomalderen.[8]
- For den moderne folkegruppa, sjå kaukasiske avarar.
Desse avararane vandra inn i Europa på 500-talet, under folkevandringane. Dei fekk eit rike aust for Donau i perioden 555 til byrjinga av 800-talet i det som er Ungarn og Romania i dag. Det blei kalla for det avariske khaganatet, og strekte seg over den pannoniske sletta.[9]