fjord i Volda From Wikipedia, the free encyclopedia
Austefjorden er ein 10 kilometer lang botnfjord i Volda kommune på Sunnmøre. Han er eit framhald av Voldsfjorden. Fjorden strekkjer seg frå Furneset i vest inn til Fyrde ved fjordbotnen i søraust. Den største djupna er 318 m.
Ved fjorden ligg bygdene Hjartåbygda, Fyrde og Høydal. I bygdene er det primært landbruk, men det vert også satsa på turisme og industri. I det siste har eit eige bygdemobiliseringsprosjekt vorte sett i gang for å auke aktiviteten på bygdene, samt hindre fråflytting og vidare nedlegging av gardsbruk.
På Fyrde har Austefjorden i dag eigen butikk, barnehage, barneskole og ungdomsskule. Skulen er no også for elevar frå Storfjord-området (Bjørke) i Ørsta kommune. Austefjord kyrkje ligg også på Fyrde.
Riksveg 651 går langs begge sider av fjorden. Den nye Europaveg 39 (Kvivsvegen - ferdig 2012) går frå Volda langs Rv 651 til Fyrde, og deretter til Kalvatn, og i tunnel under Kviven og vidare til Grodås i Hornindal kommune. Sjå òg artikkelen om paddene i Austefjorden, eit prosjekt for å bevare paddebestanden ved Litlevatnet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.