Storfjorden er den inste delen av Hjørundfjorden, som igjen er ein sidefjord av den 110 km lange Storfjorden. Denne inste delen av Hjørundfjorden er 11 km lang og strekkjer seg inn til Bjørke i botnen av fjorden.

Kjappe fakta Land, Del av ...
Storfjorden
fjord
Land  Noreg
Del av Hjørundfjorden
Thumb
Storfjorden
62.168067°N 6.568451°E / 62.168067; 6.568451
Lukk

Fjorden startar der Norangsfjorden går austover, ved Stålbergneset. På vestsida blir starten ved Hustadneset. Like innanfor innløpet ligg den isolerte garden Skår på vestsida. Innover i fjorden ligg grendene Viddal og Leira på austsida. Desse har vegsamband til Bjørke, eit vegsamband som går vidare opp Skjåstaddalen og over Bueide til Fyrde i Volda. På vestsida går det veg frå Bjørke og utover til garden Finnes. Storfjorden vart eige sokn i 1929 etter at Storfjord kyrkje (Bjørke kyrkje) stod ferdig i 1920.

Inste del av Storfjorden, grunnkrinsen Bjørke og Viddal i Ørsta, vart frå 1. januar 2020 ein del av Volda kommune.

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.