From Wikipedia, the free encyclopedia
Terttu Aulikki Rautawaara (2. mai 1906–29. desember 1990) var ein finsk sopran. Ho er best kjend for å ha framført musikk av Jean Sibelius og Wolfgang Amadeus Mozart, og stod bak nokre av dei fyrste innspelingane av Sibelius utanfor Skandinavia.[1]
Aulikki Rautawaara | |||
| |||
Fødd | 2. mai 1906 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Vasa | ||
Død | 29. desember 1990 (84 år) | ||
Dødsstad | Helsingfors | ||
Fødenamn | Terttu Aulikki Rautawaara | ||
Alias | Terttu Raija | ||
Opphav | Finland | ||
Instrument | vokal | ||
Stemmetype | sopran | ||
Verka som | operasongar, filmskodespelar, skodespelar | ||
Mor | Wenny Johanna Emilia von Essen | ||
Far | Wäinö Rautawaara | ||
Gift med | Reino Palmroth, Gunnar Aminoff, Erik Bergman | ||
Prisar | ridder av 1. klasse av Finlands hvite roses orden, Cross of Liberty, 4th Class, Q124623288 |
Rautawaara var fødd i Vasa som dotter av songaren og kordirigenten Gustaf Wäinö Rautawaara (opphavleg Jernberg, 1872–1950) og Wenny Johanna Emilia von Essen. Foreldra hadde ein egen musikkskule der mora underviste i piano og faren i song. Frå byrjinga hadde dei tenkt seg at Aulikki Rautawaara skulle bli pianist, men etter å ha skadd fingeren i unge år, byrja ho ta songleksjonar av faren. Rautawaara studerte ved Helsingfors konservatorium 1922–25 og gav konsertar i 1927. Åra 1932–33 var Rautawaara tilslutta Den finske operaen, og blei snart gjeven nok bidrag til å kunna avslutta studia sine i Berlin. Gjennom kapellmeisteren Wilhelm Furtwängler fekk ho kontakt med operaen i Hamburg. Ho opptredde òg ved tyske og austerrikske operascenar. Rautawaara gjorde òg opptak med plateselskapet Telefunken og registrerte over hundre opptak.
Ho spelte grevinne Almaviva i Figaros bryllup av Mozart i den fyrste operaframføringa ved Glyndebourne festival i 1934,[2] og fortsette å ha ei rekkje roller i operaer framførte ved Glyndebourne på 1930-talet. Ho spelte inn fleire duettar med mellom anna tenoren Peter Anders. Ho var også med i britiske og tyske filmar på 1930-talet.[3] I 1945 dediserte Jean Sibelius Hymne til Thaïs til henne.[4]
Aulikki Rautawaara var gift med songaren, tekstforfattaren, soldaten og journalisten Reino Palmroth 1928–31. Frå 1938 til 1954 var ho gift med godseigaren Gunnar Aminoff. Ho var gift for tredje gong med komponisten Erik Bergman 1956–58. Bror hennar var cellisten Pentti Rautawaara, og ho var syskenbarn av Einojuhani Rautavaara.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.