Atom Heart Mother
From Wikipedia, the free encyclopedia
Atom Heart Mother er det femte studioalbumet til det engelske rockebandet Pink Floyd. Det kom ut på Harvest den 2. oktober 1970 i Storbritannia og på Capitol den 10. oktober 1970 i USA.[2] Det vart innspelt i Abbey Road Studios i London i England, og var det første albumet deira som gjekk til topps i Storbritannia, medan det nådde 55. plassen i USA. Til slutt selde det til gullplate der.[3] Ron Geesin, som alt hadde vore ei inspirasjonskjelde og samarbeidd med Roger Waters, medverka på tittelsporet og står oppført som komponist i lag med resten av bandet.
Atom Heart Mother Studioalbum av Pink Floyd | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 2. oktober 1970 | |
Innspelt | Mars til august 1970 | |
Studio | Abbey Road Studios i London | |
Sjanger | ||
Lengd | 52:06 | |
Selskap | ||
Produsent | Pink Floyd, Norman Smith (leiande produsent) | |
Pink Floyd-kronologi | ||
---|---|---|
Ummagumma (1969) |
Atom Heart Mother | Meddle (1971)
|
Singlar frå Atom Heart Mother | ||
|
Plateomslaget vart designa av Hipgnosis og var det første utan noko fotografi av bandet. Dette var ein trend dei fortsette med ut karrieren.
Sjølv om det selde godt då det kom, har bandet, særleg Waters og David Gilmour, vore negative til albumet i nyare år.[4][5] Likevel har det vore populært nok til at Gilmour framførte tittelsporet med Geesin i 2008.