At Your Birthday Party
From Wikipedia, the free encyclopedia
From Wikipedia, the free encyclopedia
At Your Birthday Party er det tredje studioalbumet til det kanadisk-amerikanske rockebandet Steppenwolf. Albumet kom ut i mars 1969 på ABC Dunhill Records.
At Your Birthday Party Studioalbum av Steppenwolf | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Mars 1969 | |
Innspelt | Oktober 1968 - februar 1969 | |
Studio | American Recording Co., Studio City, CA | |
Sjanger | ||
Lengd | 41:26 | |
Selskap | ABC Dunhill | |
Produsent | Gabriel Mekler | |
Steppenwolf-kronologi | ||
---|---|---|
The Second (1968) |
At Your Birthday Party | Early Steppenwolf (1969)
|
Singlar frå At your Birthday Party | ||
Det var det første Steppenwolf-albumet med Nick St. Nicholas, og det siste albumet med gitaristen Michael Monarch, som forlét bandet i august 1969. Sjølv om det vart mindre kritikarrost enn dei to første albuma deira, Steppenwolf og The Second, inneheld det nokre velkjende hittar, som «It's Never Too Late» og «Jupiter's Child», og dessutan «Rock Me», som var med i filmen Candy frå 1968. Sjølv om bandet hadde stor suksess på byrjinga av 1970-talet, skulle At Your Birthday Party bli det siste topp ti-albumet deira og innehalda den siste topp ti-singelen deira. Albumet viser at Steppenwolf er på veg ut av, men enno ikkje heilt har forlate, psykedeliaen frå The Second og går over til den særeigne hardrocken frå dei seinare utgivingane deira.
Plateomslaget vart designa av Gary Burden. Den opphavlege LP-en var eit dobbeltfalsa omslag med ei utstansa framside; utstansinga avslørte eit bilete av bandet på innsida. Dette biletet av bandet vart teke av Henry Diltz, og det viser bandet sitjande i restane av forsterkarar og utstyr i eit forkola hus som hadde tilhøyrt Canned Heat (ein brann i 1969 raserte huset og øvingsstudioet til Canned Heat på Lookout Mountain Ave i Laurel Canyon i Los Angeles). Den opphavlege gitaristen Michael Monarch møtte ikkje opp til fotograferinga. Steppenwolf-produsenten Gabriel Mekler likna fysisk på Monarch, og det vart bestemt at Mekler skulle ta plassen til Monarch på biletet. Mekler klarte å skjula seg endå meir på biletet ved å bruka eit par solbriller. Til å byrja med var det ikkje så mange som la merke til det. Monarch var likevel framleis med i bandet. (Ei avliva myte er at Monarch ikkje lenger var med i bandet på fotograferingstidspunktet; han var med til slutten av 1969, og albumet kom ut tidleg i 1969). LP-en vart gjenutgitt på CD av MCA på slutten av 1980-talet. MCA bestemde seg for ikkje å bruka biletet på CD-utgivinga og valde å bruka det opphavlege, uferdige krigsmus-maleriet, som opphavleg var tiltenkt som cover til LP-en. Resultatet av dette er at CD-coveret ser nake ut. Det omkringliggjande svart-kvitt-biletet på omslaget til LP-en vart laga ved å importera bilete av teikneseriemushovud på soldatkroppar i eit bilete av ei skyttargrav frå den amerikanske borgarkrigen. Svart-kvit-delen av albumcoveret var ein kollasj laga av Gary Burden, som planla å få Rick Griffin til å måla ein endeleg versjon av albumcoveret, men Dunhill Records nekta å betala for måleriet og brukte derfor Burden sin svart-kvite prototype.[4]
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Don't Cry» | Gabriel Mekler | 3:11 |
2. | «Chicken Wolf» | John Kay, Michael Monarch | 2:58 |
3. | «Lovely Meter» | Mekler | 3:10 |
4. | «Round and Down» | Monarch | 3:19 |
5. | «It's Never Too Late» | Kay, Nick St. Nicholas | 4:07 |
6. | «Sleeping Dreaming» | St. Nicholas | 1:07 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Jupiter's Child» | Jerry Edmonton, Kay, Monarch | 3:28 |
8. | «She'll Be Better» | Edmonton, Mekler | 5:32 |
9. | «Cat Killer» | John Goadsby | 1:37 |
10. | «Rock Me» | Kay | 3:45 |
11. | «God Fearing Man» | Monarch | 3:55 |
12. | «Mango Juice» | Edmonton, Goadsby, Monarch | 3:01 |
13. | «Happy Birthday» | Mekler | 2:16 |
År | Liste | Plassering |
---|---|---|
1969 | Billboard 200 | 7 |
Singlar - Billboard (USA)[6]
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1969 | «Rock Me» | Billboard Hot 100 | 10 |
1969 | «It's Never Too Late» | Billboard Hot 100 | 51 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.