Aswandammen | |||
| |||
Aswandammen 23.971431°N 32.880192°E |
---|
Aswandammen er ei nemning på to demningar over elva Nilen ved byen Aswan i Egypt. Den fyrste vart bygd av britane i perioden 1898–1902 og var kring 40 meter høg. Den andre dammen vart bygd i tidsrommet 1960–1970 sør for den fyrste. Denne dammen fekk namn etter dåverande president i Egypt, Gamal Abdel Nasser. Prosjektet skulle etter planen utførast med teknisk og økonomisk hjelp frå USA. Denne hjelpa vart stogga i 1956, då Egypt anerkjende Folkerepublikken Kina. Sovjetunionen gjekk i staden inn og gav den naudsynte hjelpa for at dammen skulle verta bygd.
Dammen er 114 meter høg og over 3,6 km lang. Når vasstanden er høgast er Nassersjøen, verdas største kunstige innsjø. Han er kring 475 km. lang og vert utgjort av nesten 170 milliardar m³ vatn.
- Aswandammen
- Dammen og Nassersjøen på kartet over Egypt.
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.