Acetylsalisylsyre
kjemisk sambinding, brukt som legemiddel mot smerte, feber og betennelse / From Wikipedia, the free encyclopedia
Acetylsalisylsyre er eit smertestillande, febernedsetjande og betennelsesdempande ikkjesteroid antiinflammatorisk middel som blir brukt som lækjemiddel under namn som Aspirin, Dispril og Globoid. Stoffet er ei fargelaus, luktfri krystallisk sambinding med sur smak. Han er lett løyseleg i alkohol, tungt løyseleg i vatn og smeltar ved rask oppvarming mellom 135 °C og 141 °C.
CAS-nummer 50-78-2 |
ATC-nummer N02B A01, B01A C06 |
Metabolisme | Vert omdanna til salisylsyre under og etter absorpsjonen |
Halveringstid | Ca. 12 timar |
Utskiljing | Renal (gjennom nyrene) |
Administrasjonsform | Per oral (via munnen) |
Stoffet hemmar prostaglandinsyntesen, og vert brukt for å lindra smerter, motverka trombosar og i revmatiske sjukdommar. Stoffet reduserer også blodplatenes si evne til å klumpa seg saman.