From Wikipedia, the free encyclopedia
'Asir eller 'Aseer (arabisk عسير, romanisert Asīr) er ein region i Saudi-Arabia heilt sørvest i landet, kalla opp etter stamma Asir. Det har eit areal på 81 000 km² og eit estimert folketal på kring 2,2 millionar innbyggjarar. Han deler ei kort grense mot Jemen. Hovudbyen i regionen er Abha, medan andre byar er Khamis Mushayt, Qal'at Bishah og Bareq.
Asir | |||
عسير | |||
Region | |||
Land | Saudi-Arabia | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Abha | ||
Areal | 81 000 km² | ||
Folketal | 2 211 875 (2017) | ||
Postnummer | 14 | ||
Asir 19°N 43°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Asir Province | |||
Tyrkiske styrkar etablerte seg i området i 1872 og hevda ei form for overhøgd over det fram til dei vart drivne ut ved hjelp av italiensk hjelp i 1911. Asir kom i 1922–1926 under styringa til Ibn Saud, og vart etter ein oppreist i 1930 heilt teke opp i Saudi-Arabia.
Fjella innanfor den smale kystsletta når opp til kring 3000 moh. og går over til ørkenstepper i det indre. Delar av Asir er nasjonalpark. Det regnar kring 300-500 mm i to regntider. Den viktigaste er i mars og april, og den andre er om sommaren. Området høyrer til dei meir råmne og tempererte områda på Den arabiske halvøya. På bratte og terrasserte fjellsider vert det dyrka kaffi, hirse, kveite, bomull og dadlar. Det er mykje husdyrhald i området.
Regionen er vidare delt inn i seks guvernement (folketal frå 2010):
I 25 fvt. marsjerte Aelius Gallus legionane sine sørover frå Egypt for å ta kontroll over området langs handelruta mellom Middelhavet og det som i dag er Jemen og Hadhramaut. Romarane ønskte kontroll over desse rutene fordi dei var desperate etter pengar og håpte å få større inntening med å erobre Marib, hovudstaden i Jemen, og få kontroll over røykjelseshandelen, som då var ein dyr vare. Toktet vart derimot ein katastrofe.
I 1920 byrja 'Abd al-'Aziz, som grunnla Saudi-Arabia, å ta attende områda som huset Sa'ud hadde tapt og samla det meste av halvøya under sitt styre. Som ein del av felttoget sende han beduinske wahhabi-krigarar, kalla Ikhwan, for å ta 'Asir, og frå den tid vart 'Asir kontrollert av huset Sa'ud. Frå 1934 vart situasjonen formelt ordna då Taif-avtalen vart signert mellom Saudi-Arabia og Jemen.
På denne tida var regionen i stor grad ukjend for Vesten. I 1932 vart H. St. John Philby ein av dei første europearane som utforska og kartla området, men han publiserte ikkje observasjonane sine før i 1952.
Under den jemenittiske borgarkrigen i 2015, då Saudi-Arabia gjekk til åtak mot houthiane, invaderte houthiane regionen og gjekk til åtak på saudiarabiske militære stillingar.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.