![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/52/%25D0%2593%25D1%2580%25D0%25B5%25D0%25BA_%25D0%2590%25D1%2580%25D0%25BD%25D0%25B0%25D1%2583%25D1%2582.jpg/640px-%25D0%2593%25D1%2580%25D0%25B5%25D0%25BA_%25D0%2590%25D1%2580%25D0%25BD%25D0%25B0%25D1%2583%25D1%2582.jpg&w=640&q=50)
Arvanittar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arvanittar (Αρbε̰ρόρ (Arbërór) eller Σ̈κ̇ιπτάρ (Shqiptár) på arvanittisk, Arvanitë, Alvanoi eller Arvanitai på albansk, Αρβανίτες (Arvanítes) på gresk) er ei folkegruppe i Hellas av albansk opphav.[1] Dei stammar frå ortodokse kristne albanarar frå sentrale Albania som kom til Hellas i mellomalderen. Arvanittar er tradisjonelt tospråklege, dei snakkar gresk og arvanittisk, som er ei form av den sørlege albanske dialekten toskisk.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/52/%D0%93%D1%80%D0%B5%D0%BA_%D0%90%D1%80%D0%BD%D0%B0%D1%83%D1%82.jpg/640px-%D0%93%D1%80%D0%B5%D0%BA_%D0%90%D1%80%D0%BD%D0%B0%D1%83%D1%82.jpg)
Arvanittane er delte inn i tre grupper: Den fyrste er konsentrert rundt Epeiros i Nordvest-Hellas, medan den andre og tredje er busett sør i Hellas og i Thrakia.