From Wikipedia, the free encyclopedia
Dei frie kunstene eller dei sju frie kunstene (latin septem artes liberales eller berre artes liberales) er den tradisjonelle europeiske danningskanonen som opphavleg bestod av grammatikk, dialektikk og retorikk (språkleg triviume) saman med aritmetikk, geometri, musikk og astronomi (talkunst-quadrivium). Omgrepet viser til 'kunster som sømmer seg for ein fri mann'.[1]
Omgrepet stammar frå oldtida sitt fundament for teologiske studiar.[2] Nemninga er omsett frå gresk, der det vart tala om enkyklikos paideia ('fagkrinsutdanning'). Den romerske filosofen Varro hadde i si tid sett opp ni grunnleggjande fag det var krav om å meistre. Boethius grensa av desse til sju tidleg på 500-talet. Før han hadde òg Augustin vore inne på tanken.
Dei sju kunstene var delte i to hovudbolkar: Quadrivium (fire), og Trivium (tre). Dei fire quadrivia vart rekna som dei gjævaste, av di dei tok føre seg «himmelske» fag: Astronomi, geometri, aritmetikk og musikk. Desse fire var alle matematiske og teoretiske. I mellomalderen var musikkteori eit opphøgd fag, ikkje praktisk utøving av musikk. Desse fire er første gongen fastsette i Platons hovudverk Staten.
Dei tre trivia-kunstane var meir handverksprega: Grammatikk, dialektikk og retorikk. Desse hadde mykje med øving i skrift, formidling og talekunst å gjera.
Desse sju gjekk opp i filosofi og skolastikk som ei høgare eining. Utover i mellomalderen kom disiplinen musikk til å skifte ståstad, og opp mot renessansen vart praktisk utøving av musikken meir sett saman med retorikken, slik at musikken fjerna seg frå quadrivium og vart meir «triviell».
Dei sjue frie kunstene var dei akademiske faga som fanst i antikken og i mellomalderen fram til renessansen. I nokre land snakkar ein framleis om «dei frie kunstene», på engelsk til dømes som liberal arts, i motsetnad til andre yrkesinnretta eller teknologiske fag.[3]
Namnet på den tidligere opptakseksamenen ved universitet i Danmark og Noreg, examen artium, tyder 'eksamen i (dei frie) kunstene'. Den akademiske tittelen magister artium tyder 'lærar i (dei frie) kunstene', og uttrykket blir også brukt i den nyare tittelen doctor artium («artium» er genitiv av «artes»).[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.