Arnhem Land
From Wikipedia, the free encyclopedia
Arnhem Land er ein av fem regionar i Nordterritoriet i Australia. Han ligg i det nordaustlege hjørnet av territoriet og rundt 500 kilometer frå hovudstaden i territoriet, Darwin. Regionen dekkjer eit område på rundt 97 000 km² og har eit folketal på 16 230. Det administrative senteret er Nhulunbuy, som er den fjerde største busetnaden i Nordterritoriet.
Arnhem Land | |||
region | |||
Land | Australia | ||
---|---|---|---|
Del av | Top End | ||
Arnhem Land 12.73°S 134.59°E / -12.73; 134.59 | |||
| |||
Wikimedia Commons: Arnhem Land | |||
Den britiske oppdagaren Matthew Flinders gav området namn etter det nederlandske skipet «Arnhem», som var på oppdagingsreise i området rundt 1623. Skipet var igjen kalla opp etter Arnhem i Nederland.
Klimaet i Arnhem Land er tropisk monsunklima med ei tørr årstid og regntid med liten temperaturvariasjon.
Området er eit senter for aboriginarkultur. Aboriginarar og forfedrane deira har budd her i titusentals år, og ei kring 35 000 år gammal steinøks som er den eldste av sitt slag er funnen her.[1] Ein har også funne bergkunst som kan vera kring 10 000 år gammal her som viser det som kan tolkast som konflikt mellom ulike grupper.[2] I 1931 blei eit område på 96,000 kvadratkilometer (37,066 sq mi) utsett som aboriginarreservat, Arnhem Land Aboriginal Reserve. I 2007 omfatta området rundt 100,000 kvadratkilometer (38,610 sq mi) som aboriginarland, med unntak av nokre gruveområde.[3]
Kakadu nasjonalpark ligg i Arnhem Land.