Archie Fisher
From Wikipedia, the free encyclopedia
Archie Macdonald Fisher MBE (fødd 23. oktober 1939) er ein skotsk folkesongar og låtskrivar.[1] Han har gitt ut fleire soloalbum sidan platedebuten i 1968. Fisher skreiv songen «The Final Trawl», som er med på albumet Windward Away, og er også spelt inn av fleire andre grupper og songarar, som The Clancy Brothers. Frå midten av 1970-talet produserte han fire folkealbum med Makem and Clancy. Han spelte òg med dei og andre grupper som backup-songar og gitarist. Han var vert for sitt eige radioshow på BBC Radio Scotland i nesten tre tiår.
Archie Fisher | |||
| |||
Fødd | 23. oktober 1939 (84 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Glasgow | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Sjanger | keltisk musikk, bard | ||
Instrument | akustisk gitar, vokal | ||
Verka som | songar, låtskrivar, gitarist | ||
Prisar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Archie Fisher var fødd i Glasgow i 1939, i ein stor songarfamilie. Systera hans Cilla Fisher blei òg profesjonell songar, og det same gjorde systera Ray. I 1960 flytta han til Edinburgh, og dukka regelmessig opp på folkeklubben The Howff som blei driven av Roy Guest. I 1962 gav Ray og Archie ut singelen «Far Over the Forth» på platemerket Topic Records, og var med på BBC-programmet Hootenanny. I 1965 gav heile familien Fisher ut albumet Traditional and New Songs from Scotland.