Aragón
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aragón (katalansk Aragó) er ein autonom region i Spania. Han ligg nordaust i landet og er vidare delt inn i tre provinsar. Frå nord til sør er desse Huesca, Zaragoza og Teruel. Hovudstaden i regionen er Zaragoza.
Aragón | |||
region | |||
|
|||
Land | Spania | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Zaragoza | ||
Areal | 47 719 km² | ||
Type | Autonom region | ||
Folketal | 1 324 397 (2019) | ||
Postnummer | AR | ||
Aragón 41°N 1°W / 41; -1 | |||
Wikimedia Commons: Aragon | |||
Den nordlege provinsen i Aragón, Huesca, grensar til Frankrike og ligg midt i Pyreneane. I Spania grensar regionen til Catalonia i aust, Valencia og Castilla-La Mancha i sør og Castilla y León, La Rioja og Navarra i vest.
Regionen har eit areal på 47 719 km² og har eit landskap som varierer stort frå permanente isbrear til grøne dalar, rike beiteland og frukthagar til tørre sletter i det sentrale låglandet. Det finst mange elvar i Aragón og den mest kjende av dei er Ebro som er den største elva i Spania ut frå vassmengd. Ho går frå vest til aust gjennom heile regionen i provinsen Zaragoza. Her finst òg Aneto, det høgaste fjellet i Pyreneane.
I 2019 hadde regionen opp under 1,3 millionar innbyggjarar og halvparten av desse bur i Zaragoza.
I tillegg til dei tre provinsane er Aragón delt inn i 33 comarcas eller fylke, alle med ein rik geopolitisk og kulturell historie frå den førromerske og romerske tida som Marca Superior, fire hundreår under muslimane som kongedømet (eller taifa) Saraqustah, og som land som ein gong høyrde til den frankiske spanske marken Marca Hispanica. Seinare var Aragón eit grevskap som danna Kongedømet Aragon og til slutt riket eller krona Aragon.