![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c0/Apollo_1_%25E2%2580%2593_Exterior_view_of_spacecraft_after_fire.jpg/640px-Apollo_1_%25E2%2580%2593_Exterior_view_of_spacecraft_after_fire.jpg&w=640&q=50)
Apollo 1
From Wikipedia, the free encyclopedia
«Apollo 1» (opphavleg AS-204) var det første bemanna romfartøyet i det amerikanske Apollo-programmet, som hadde som mål å senda folk til månen. Romfartøyet vart øydelagd i ein brann under ei treningsøving den 27. januar 1967. Mannskapet på tre omkom.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/e/e1/Apollo1-Crew_01.jpg/640px-Apollo1-Crew_01.jpg)
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/c/c0/Apollo_1_%E2%80%93_Exterior_view_of_spacecraft_after_fire.jpg/320px-Apollo_1_%E2%80%93_Exterior_view_of_spacecraft_after_fire.jpg)
Mannskapet ombord på «Apollo 1» var astronautane Gus Grissom, Ed White og Roger B. Chaffee. Enkjene deira ba i etterkant om at namnet «Apollo 1» skulle reserverast for oppskytinga mennene deira ikkje fekk høve til å gjera, og 24. april 1967 annonserte leiaren for programmet George E. Mueller eit nytt namngjevingssystem der «Apollo» med eit tal etter skulle brukast.[1]