Aoraki/Mount Cook
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aoraki/Mount Cook er det høgaste fjellet på New Zealand. Det er ein tind i fjellrekkja Søralpane som går langs vestkysten av Sørøya. Fjellet er eit populært turistmål, og det er også mykje brukt av fjellklatrarar. Tasman Glacier (Tasmanbreen) og Hooker Glacier (Hookerbreen) fell ned frå sidene til fjellet i aust og sørvest.[1]
Aoraki/Mount Cook | |||
fjell | |||
Aoraki/Mount Cook sett frå Hookersjøen. | |||
Land | New Zealand | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Søralpane | ||
Høgd | 3 754 moh. | ||
Lettast tilkomst | Bre/snø/isklatring | ||
Førstestiging | 1894 Tom Fyfe, George Graham, Jack Clarke | ||
Koordinatar | 43°35′44.69″S 170°8′27.75″E | ||
Aoraki/Mount Cook 43.595°S 170.14194444444°E / -43.595; 170.14194444444 | |||
Wikimedia Commons: Aoraki/Mount Cook | |||
Etter avtale mellom maoristammen Ngāi Tahu (Kāi Tahu) og styresmaktene i 1998, vart namnet til fjellet offisielt endra frå Mount Cook til Aoraki/Mount Cook for å ta med det opphavlege namnet, Aoraki.[2] I samsvar med denne avtalen fekk ei rekkje stadnamn på Sørøya tillagt maorinamnet sitt etter det engelske. For å synleggjera kor spesielt dette fjellet er, har det som einaste stadnamn på New Zealand, maorinamnet framfor det engelske.