Antonio Caldara
italiensk komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Antonio Caldara (fødd 1670 i Venezia, død 28. desember 1736 i Wien) var ein italiensk cellist og komponist. Han høyrde til den venetianske seinbarokken.
Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Antonio Caldara | |||
![]() Antonio Caldara | |||
Fødd | 1670 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Venezia i Italia | ||
Død | 28. desember 1736 (66 år) | ||
Dødsstad | Wien i Austerrike | ||
Opphav | Republikken Venezia | ||
Periode | Barokken | ||
Aktiv | 1693-1735 | ||
Instrument | Cello | ||
Verka som | Komponist |
Lukk
Caldara fekk den musikalske utdanninga si frå Giovanni Legrenzi i Venezia. Rundt 1716 vart han utnemnd til første visekapellmeister under Johann Joseph Fux ved det austerrikske hoffkapellet i Wien. Han skapte seg eit namn med sine over 3400 verk, mellom anna meir enn 80 operaer, 43 oratorium, 150 messer, serenadar, kantater og sinfoniaer. Musikken hans utmerker seg med ein stor melodirikdom.
Keisar Karl VI dirigerte sjølv nokre av operaene til visekapellmeisteren sin. Musikken var ei god blanding av italienske og tysk-austerrikske element og vart godt mottekne i Wien.