Johann Joseph Fux
austerriksk komponist / From Wikipedia, the free encyclopedia
Johann Joseph Fux (fødd kring 1660 i Hirtenfeld ved Graz, død 13. februar 1741 i Wien) var ein austerriksk komponist og musikkteoretikar.
Johann Joseph Fux | |||
![]() Johann Joseph Fux | |||
Fødd | kring 1660 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hirtenfeld ved Graz i Austerrike | ||
Død | 13. februar 1741 (81 år) | ||
Dødsstad | Wien | ||
Opphav | Austerrike, Tyskland | ||
Periode | Barokken | ||
Sjanger | Kormusikk, kammermusikk, orkestermusikk, opera | ||
Verka som | Komponist, musikar og musikkteoretikar |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/a/af/Johann_Joseph_Fux1.jpg/320px-Johann_Joseph_Fux1.jpg)
Fux var bondeson og ein kjenner lite til det tidlege livet hans, bortsett frå at han rundt 1680 studerte ved universitetet i Graz og mellom 1683 og 1687 i Ingolstadt. I 1696 vart han utnemnd til organist ved Schottenstift i Wien og denne posten heldt han til 1702 da keisarhoffet vart merksam på han og utnemnde han til hoffkomponist. Frå 1701 vart han kapellmeister ved Stephansdom i Wien og i 1711 musikkdirektør ved hoffet, ein av dei viktigaste embeta i det europeiske musikklivet. Som musikkdirektør skreiv han mange operaer og oratorium.
Den mest kjende operaen hans, Costanza e Fortezza, vart oppført i Praha i høve kroninga av keisar Karl VI til konge av Böhmen.
Fux underviste òg komposisjon og av elevane hans var Georg Christoph Wagenseil, Gottlieb Muffat og Jan Dismas Zelenka.