From Wikipedia, the free encyclopedia
«Another Brick in the Wall» er tittelen på tre songar av Pink Floyd, som inneheld små variasjonar av det same musikalske temaet. Songane vart gjevne ut på albumet deira The Wall frå 1979, og hadde undertitlane «Part I», «Part II» og «Part III», og alle er skrivne av Roger Waters.
Another Brick in the Wall Singel av Pink Floyd frå albumet The Wall | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. november 1979 | |
Innspelt | April-november 1979 | |
Sjanger | Progressiv rock | |
Lengd | 10:26 (alle delar) 3:15(part I) 4:00(part II) 1:11(part III) | |
Selskap | Harvest Records (UK), Columbia Records (US)/Capitol Records (US) | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
---|---|---|
Produsent | Bob Ezrin, David Gilmour, James Guthrie og Roger Waters | |
Pink Floyd-kronologi | ||
«Have a Cigar» (1975) |
Another Brick in the Wall | «Comfortably Numb» (1979)
|
«Part II» er nok den mest kjende av desse, og vart ein stor hit i 1980. Songen inneheld den kjende tekstlinja «We don't need no education». Singelen gjekk til topps både i Europa og USA, og i Storbritannia var det den første singelen deira sidan 1968. Songen er ein protestsong mot strenge skulesystem, og særleg kostskular. Derfor vart songen forboden i fleire land.
Pink Floyd trong ein skuleklasse til å synge på «Part II», og spurte Alun Renshaw på den lokale skulen Islington Green i nærleiken av studioet deira Britannia Row Studios. Koret vart tatt opp tolv gongar og lagt oppå kvarandre, for at koret skulle virka mykje større enn det var. Skulen fekk 1000 pund for jobben, og det vart ikkje avtalt noko vidare honorar. I 1996 saksøkte derimot heile koret Pink Floyd, og kvart medlem fekk rundt 500 pund kvar.
Pink Floyd vart nominert til ein Grammy Award for «Part II» i klassen Beste musikkstykket av ein rockeduo eller gruppe, men tapte for Bob Seger-songen «Against the Wind».
I 1980 vart songen brukt som ein protestsong av mørkhuda studentar under «Elsie’s River»-opprøret i Sør-Afrika, der dei protesterte mot rasistisk propaganda og fordommar i det offisielle pensumet. 2. mai 1980 vart songen forboden av regjeringa.
Del ein av songen er roleg og inneheld ein lang og dempa gitarsolo. Vokalen er rolegare enn på dei to andre delane, sjølv om slutten av vokalpartiet aukar litt i volum. Denne delen inneheld ikkje trommer.
The Thin Ice, den tynne isen, frå songen før «Part I» bryt når hovudpersonen Pink vert eldre og får vite om dødsfallet til faren. Pink vert ute av seg når han skjønar dette og byrjar å bygge muren rundt seg (The Wall).
Ein ser mora til Pink som ber i kyrkja, etter at ektemannen hennar har døydd i krigen. Pink skjønar ikkje noko av dette på denne tida og leikar med leikeflyet sitt. Songen held fram med at Pink leikar i ein park, medan mora går for å handle varer. Pink ser ein mann som hjelp han opp på eit leikeapparat, og Pink føler at dette kunne ha vore faren hans. Pink følgjer etter mannen og son hans, og forstår ikkje kvifor mannen ikkje gjev han meir merksemd. Han tar tak i handa til mannen, men vert jaga bort. Han prøver å holde mannen i handa igjen, men vert igjen jaga bort, før han sørgjeleg går og set seg på ei huske.
På albumversjonen av The Wall glir «Part II» over frå det fjerde sporet «The Happiest Days of Our Lives» med eit skrik av Roger Waters (desse skrika var eit av Waters sine varemerke, truleg mest kjend på «Careful with That Axe, Eugene»). På radio vert desse to songane ofte spelt etter kvarandre på grunn av måten dei glir over i kvarandre på. Songen har ein kraftig rytme og karakteristiske gitarparti i bakgrunnen med ein glatt, og likevel skarp gitarsolo. Songen inneheld òg det nemnde skulekoret på leiande vokal i fleire delar av songen, og som bakgrunnsvokal i andre delar. Mot slutten av songen kan ein høyre ein lærar som skrik med skotsk aksent «Wrong, do it again» etterfølgd av «If you don't eat your meat, you can't have any pudding! How can you have any pudding if you don't eat your meat?», og til slutt «You... Yes, you behind the bike shed... stand still laddie!», før ein høyrer ungar som ropar og skrik på det som høyrest ut som ein leikeplass. Ein kan òg høyre eit svakt linjesignal frå ein telefon heilt på slutten.
Singelutgåva av songen har ein litt anna intro, med eit par taktar med berre trommer før resten av songen set i gang.
Elevane på Pink sin skule byrjar å protestere mot dei mishandlande lærarane sine. Dette fører til at Pink vert meir isolert frå omverda. Enno ei brikke i muren.
Etter hendingar i «The Happiest Days of Our Lives» byrjar Pink å dagdrømme i timane, og han ser for seg mange elevar som marsjerer mot ein stor maskin, før dei kjem ut på andre sida av maskinen kledd i like masker sittande ved skulepultar. Så ser ein elevane som marsjerer gjennom korridorane på ei rekkje. Ein kan så sjå læraren i midten som skrik og kommanderer. Under refrenget ser ein eit kor av elevar som syng refrenget. Så er det tilbake til læraren som kommanderer litt meir, og Pink som får kjeft av læraren. Mot slutten av songen marsjerer elevane mot ein stor kjøtkvernliknande metallkasse, som dei dett oppi ein etter ein, før ein ser at dei kjem ut av kverna som ein kjøttdeigliknande masse, eit symbol på å vere «tilpassa samfunnet». Under den siste gitarsoloen bryt elevane ut, tar til seg brannøkser og øydelegg stolar og pultar. Enkelte elevar har sleggjer som dei slår ned veggane med. Heilt mot slutten står skulen i brann, store bål krinsar skuleplassen og ein kan sjå elevar som ber vekk læraren. Ein kan så sjå Pink som sit ved pulten sin og dagdraumar igjen.
Før filmen kom ut hadde den første videoen studentar som spring rundt på leikeplassen med den store oppblåste dokka av læraren frå The Wall-konsertane hengjande over seg. Her vart det òg brukt nokre animerte klipp, som vart brukt i «The Trial», og desse klippa var regissert av Gerald Scarfe.
Pink vel å gjere ferdig muren som eit resultat av raseriutbrotet hans etter at kona var utru mot han. Han konkluderer med at han «ikkje treng noko i det heile tatt» og ser berre på personane i livet sitt som «klossar i muren».
Vekeslister
|
Årslister
Sal og salstrofé
|
Personell per The Pink Floyd Encyclopedia.[37]
Part I
Part II
Part III
Another Brick in the Wall, Pts. 1–3 Singel av Korn frå albumet Greatest Hits, Vol. 1 | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Desember 2004 | |
Innspelt | 2004 | |
Sjanger | Alternativ metal | |
Lengd | 7:08 | |
Selskap | Epic | |
Komponist | Roger Waters | |
Tekstforfattar | Roger Waters | |
Produsent |
| |
Korn-kronologi | ||
---|---|---|
«Word Up!» (2004) |
Another Brick in the Wall, Pts. 1–3 | «Twisted Transistor» (2005)
|
Nu metal-bandet Korn spelte alle tre delane i lag med «Goodbye Cruel World» i 2004 for samlealbumet Greatest Hits, Vol. 1. Songen kom ut på singel og nådde 37. plassen på Alternative Songs-lista og 12. plassen på Mainstream Rock-lista i USA. Det var den siste Korn-singelen som vart spelt inn med den originale besetninga, sidan Brian Welch slutta i 2005.[38][39] Ein live musikkvideo vart laga for å marknadsføre singelen, regissert av Bill Yukich.[40]
Will Levith frå Ultimate Classic Rock kalla versjonen til Korn «ein av dei verste coverversjonane av ein classic rock-song gjennom tidene.»[41] Jason Birchmeier frå AllMusic skilda han som «overanstrengt, likevel å ein forførande måte».[42]
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Another Brick in the Wall» | 7:08 |
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.