britisk songar From Wikipedia, the free encyclopedia
Annie Haslam (fødd 8. juni 1947) er ein engelsk vokalist, låtskrivar og målar. Ho er mest kjend som frontkvinne og songar i det progressive rockebandet Renaissance sidan 1971, og for den lange og varierte solokarrieren sin. Ho har ei vokalrekkjevidd som strekkjer seg over fem oktavar.[1] Frå 2002 har Haslam òg drive ein karriere som biletkunstnar og måla måleri, målte musikkinstrument og giclée-bilete.
Annie Haslam | |||
Annie Haslam med Renaissance på North East Art Rock Festival (NEARfest) den 23. juni 2012 | |||
Fødd | 8. juni 1947 (77 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bolton | ||
Fødenamn | Anne Haslam | ||
Opphav | Bolton i Lancashire i England | ||
Aktiv | Sidan 1971 | ||
Sjanger | Progressiv rock, pop, folk, klassisk | ||
Instrument | vokal, perkusjon | ||
Stemmetype | sopran | ||
Tilknytte artistar | Renaissance, Nevada | ||
Plateselskap | White Dove Sire Records Warner Bros. Records Epic Records Virgin Records (Japan) Voiceprint Records Transatlantic Records Cherry Red Records | ||
Verka som | Songar, målar, låtskrivar, arrangør |
Haslam studerte under operasongaren Sybil Knight i 1970.[2] I februar 1971 vart ho ny songar i Renaissance, etter å ha svart på ei annonse i det britiske magasinet Melody Maker og prøvesunge for bandet i Surrey.[3]
Med Renaissance var Haslam solovokalist på sju studioalbum i den klassiske perioden deira frå 1972 til 1979, og fire album etter 1981.[4] I 1977 byrja Haslam på ein solokarriere med albumet Annie in Wonderland, produsert av Roy Wood, som spelte dei fleste instrumenta på albumet. Ho har sidan gjeve ut åtte studioalbum, tre av dei på eige selskap. Haslam var trulova med Wood i fire år.[5] I 1991 vart ho gift med Marc I. Hoffman, som enda med skilsmisse.[6][7]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.