From Wikipedia, the free encyclopedia
Anna Kristine Margrete Bugge Wicksell (17. november 1862–19. februar 1928), også kjend som Anna Bugge, var ein norsk-svensk kvinnesaksforkjempar, politikar, jurist og diplomat.
Anna Bugge Wicksell | |||
| |||
Fødd | 17. november 1862 Egersund | ||
---|---|---|---|
Død | 19. februar 1928 (65 år) | ||
Statsborgar av | Noreg, Sverige | ||
Yrke | jurist, diplomat, stemmerettsforkjempar | ||
Utdanna ved | Hartvig Nissens skole | ||
Sambuar | Knut Wicksell | ||
Barn | Sven Wicksell | ||
Medlem | Norsk Kvinnesaksforening Kvindestemmeretsforeningen International Alliance of Women Sveriges Kvinnliga Fredsförening Svenska Freds- och Skiljedomsföreningen | ||
Alle verv |
I Noreg var ho ein markant kvinnesaksforkjemper i 1880-åra. Ho var ei av de seks unge kvinnene som skipa Diskusjonsforeningen Skuld i 1883. Foreininga vart ein føreløpar til Norsk Kvinnesaksforening (NKF), som ho leia frå 1888 til 1889. Ho var den yngste leiaren av NKF, med ein alder av 25 år.
Bugge forlet Noreg etter at ho i 1889 inngjekk eit «samvettsekteskap» med den svenske økonomen Knut Wicksell. I Sverige utdanna ho seg til jurist og vart medlem av Folkeforbundets permanente mandatkommisjon. Ho vart også den fyrste kvinnelege diplomaten til Sverige.
Anne Bugge tilhøyrde slekta Bugge, og var dotter av telegrafisten Jens Bugge (1838–1906) og Anne Hermine. Systera Erika Bugge (1870–1902) vart gift med språkforskaren Jørgen Alexander Knudtzon mens Kitty Bugge (1878–1938) vart telegrafist og i likskap med systera leiar i Norsk Kvinnesaksforening.
Bugge gjekk på Nissens Pikeskole, der ho tok middelskuleeksamen og vart venninne med Cecilie Thoresen. Hausten 1883 var Bugge ei av dei seks kvinnene som byrja på eit privatkurs for kvinner som ønskte å gå opp til examen artium. Få månadar tidlegare hadde Cecilie Thoresen vorte den første kvinna i landet med examen artium.
Kvinnene på artiumskurset i Kristiania skipa 2. november 1883 diskusjonsforeininga Skuld, som eit forum for debatt om tema av politisk og samfunnsmessig betydning. Bugge var ein av stiftarane, og skreiv ein artikkel om foreininga i Kvindelige studenters jubilæumsskrift 1882–1907.[1] I 1884 vart diskusjonsforeininga vidareført som Norsk Kvindesagsforening.
Bugge var formann i Norsk Kvinnesaksforening frå januar 1888 til juni 1889, etter sedskapsdebatten som førte til at Ragna Nielsen gjekk av frå formannsvervet. Bugge var 25 år då ho vart vald og tidenes yngste NKF-leiar.[2]
Bugge var som kvinnesaksforkjempar særleg oppteken av konkrete reformer, som var nødvendige for kvinner si likestilling med menn. Ho var meir oppteken av dei sosiale og økonomiske årsakene til kvinneundertrykking enn av åndelege diskusjonar om sedskap. I artiklar i tidsskriftet til kvinnesaksforeininga, Nylænde, fremheva ho økonomiske fridom for kvinner som ein nødvendig føresetnad for likestillinga deira med menn. I tråd med dette var ho også oppteken av utdanning og organisering av kvinner. Ho var ei av lærarinnene i den «frie undervisning for kvinner», som nokre kvinnesakskvinner hadde tatt initiativ til. Ho heldt foredrag om fagleg utdanning for kvinner, og var oppteken av at kvinner skulle få lov til å komme i lære hos handverkarar. I Nylænde tok ho til orde for ein pensjonskasse for husassistentar.
Bugge deltok aktivt i arbeidet for røysterett for kvinner. I 1888 reiste ho som medlem av Kvindestemmeretsforeningen rundt i landet og tala for røysterett for kvinner.[3]
I 1889 gifta Anna Bugge seg med svenske Knut Wicksell, som seinare vart professor, og ho forlet kvinnerørslesarbeidet i Noreg.
Bugge vart jur.kand. ved Lunds universitet i 1911.
Bugge deltok også i anna politisk arbeid enn kvinnesaksarbeid. Som resultat av det vart ho medlem av Folkeforbundets permanente mandatkommisjon i 1921, og vart dimed den fyrste kvinne i Folkeforbundet. Der var ho diplomat for Sverige.
I 2013 fekk Bugge ei gate i Egersund kalla opp etter seg: Anna Bugges vei.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.