André Weil
From Wikipedia, the free encyclopedia
André Weil (6. mai 1906–6. august 1998) var ein fransk matematikar.
Kjappe fakta Fødd, Død ...
Lukk
Han var professor ved Institute for Advanced Study i Princeton i USA frå 1958 til 1976 og professor emeritus der frå 1976 til 1998. Weil var ein av dei viktigaste matematikarar på 1900-talet med grunnleggjande bidrag innan fleire område av matematikken, særskild i talteori, algebraisk geometri og analyse. Han var den leiande matematikar bak pseudonymet Bourbaki, som representerer ei gruppe franske matematikarar og som har skrive det største eksisterande samleverket over matematikken.