From Wikipedia, the free encyclopedia
Andøybrua er ei spennbetongbru (bogebru) som ligg i Andøy kommune og går over Risøysundet mellom Risøyhamn på Andøya og Hinnøya. Ho er del av riksveg 82. Brua er bygd etter fritt frambygg-metoden og har ei total lengd på 750 meter, seglingshøgd på 30 meter og eit hovudspenn på 110 meter. Brua har 21 spenn.
| |||
Type | vegbru | ||
---|---|---|---|
Stad | Hinnøya–Andøya ved Risøyhamn | ||
Opna | 5. september 1974 | ||
Strekning | Fylkesveg 82 | ||
Lengd | 750 meter | ||
Fri høgd | 30 m | ||
Største spenn | 110 m | ||
Kryssar | Risøysundet | ||
Materiale | spennarmert betong | ||
Andøybrua 68.96333333°N 15.64416667°E |
Andøybrua vart opna 5. september 1974, og er ei av Vesterålsbruene. Desse vart oppførte på 1970-talet som del av eit interkommunalt samarbeid mellom kommunar i Vesterålen og Statens vegvesen, og gav kommunane ferjefritt vegsamband. Vesterålsbruene vart til største delen finansiert gjennom bompengar.
Andøybrua og dei andre Vesterålsbruene vart prosjektert av firmaet Aas-Jakobsen AS i Oslo.
Dei andre Vesterålsbruene er Sortlandsbrua, Hadselbrua og den noko mindre Kvalsaukan bru. Saman med Tjeldsundbrua ved Harstad, knyter desse Vesterålen til fastlandet.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.