From Wikipedia, the free encyclopedia
Amin Maalouf[1] (fødd 25. februar 1949) er ein fransk-libanesisk forfattar og journalist. Han har vunne fleire prisar, mellom anna Goncourt-prisen for romanen Le Rocher de Tanios (norsk Tanios-klippen) i 1993. I 2011 blei han vald til medlem av Académie française.
Amin Maalouf | |
Statsborgarskap | Libanon, Frankrike |
Fødd | 25. februar 1949 (75 år) Beirut |
Yrke | journalist, skribent, librettist, science fiction-forfattar, forfattar, romanforfattar |
Språk | arabisk |
Medlem av | Académie française |
Far | Rushdi Maalouf |
Mor | Odette Maalouf |
Ektefelle | Andrée Maalouf |
Amin Maalouf på Commons |
Maalouf blei fødd i ein kristen arabisk familie som det andre av fire barn. Foreldra hans stamma frå fjellandsbyen Ain el Kabou, men blei gifte i Kairo. Maalouf budde mesteparten av barndommen i Beirut
Maalouf gjekk på ein franskspråkleg jesuittskule, og studerte sosiologi ved Université Saint-Joseph i Beirut. Han arbeidde for avisa an-Nahar i Beirut frem til utbrotet av den libanesiske borgarkrigen i 1975, då han flykta til Frankrike. Kona hans og dei tre barna deira følgde kort tid etter, og dei slo seg ned i Paris. Maalouf fann arbeid som journalist og blei etterkvart redaktør for magasinet Jeune Afrique.
I 1981 fekk han ein forfattarkontrakt for si første bok, essayet Les Croisades vues par les Arabes (Korstogene sett fra arabernes side). Han fekk litterær suksess med romanen Léon l'Africain (1986, norsk Leo Afrikaneren), og skreiv etter dete meir skjønnlitteratur. Samarcande handla om den persiske diktaren Omar Khayyam medan Les Jardins de lumière tok for seg profeten Mani. Le Rocher de Tanios kom ut i 1993 og tok for seg soger og historie frå barndomstraktene i Libanon. I Les Échelles du Levant nemnd han for første gong borgarkrigen i heimlandet.
Med Les Identités meurtrières ( Identitet som dreper) frå 1998 vende han tilbake til essayforma. Her tok han opp problem knytte til identitet i konflikt mellom ulike kulturar i samband med modernitet og globalisering. Liknande tema tok han også opp i Origines frå 2004, som følgde det omskiftelege livet til farfaren hans i Levanten.
Dei fleste bøkene til Maalouf er omsett til norsk og utgjevne av Pax forlag. Årstalet viser til den franske utgåven.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.