Halloween
From Wikipedia, the free encyclopedia
Halloween er det engelske namnet på allehelgensaftan, natta før allehelgensdag. Halloween har utvikla seg til ei høgtid der ein tek for seg døden og skumle idear i form av utkleding og pynt. Halloween blir som regel feira 31. oktober.[1] Ho er blitt ei viktig feiring særleg i visse engelskspråklege land, som Canada, USA, Storbritannia, Irland og New Zealand, og har til ei viss grad også spreidd seg til andre land.
Til halloween knyter ein ofte skumle eller makabre element, som hekser, attergangarar, skjelett, flaggermus og svarte kattar. Det viktigaste symbolet er blitt jack-o'-lantern, eit graskar med utskore fjes og eit levande lys inni. Det er vanleg å kle seg ut, gjerne som noko skremmande, og halda selskap i samband med halloween. Særleg i USA er det vanleg for små ungar å gå husimellom og be om godteri, ein skikk som også har spreidd seg til andre land. Ein kan også brenna bål, dukka hovud etter eple, vitja skremmande attraksjonar eller sjå skumle filmar.[2]
Helsinga når ein går utkledd og ber om gåver er «trick or treat», på norsk omsett til 'knask eller knep'.[3] Spørsmåla truger med at det kan bli gjort gapstrekar mot folk som ikkje gjev frå seg noko, sjølv om det mange stader er uvanleg å faktisk gjera gapstrekar.