![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/fe/Es_Sanamein_-_GAR_-_8-01.jpg/640px-Es_Sanamein_-_GAR_-_8-01.jpg&w=640&q=50)
Al-Sanamayn
From Wikipedia, the free encyclopedia
Al-Sanamayn (arabisk الصنمين, òg skrive Sanamein, Sanamain, Sunamein) er ein by sør i Syria i Daraa guvernement og senter i al-Sanamayn-distriktet. Han ligg 55 kilometer nord for Daraa og 50 kilometer sør for Damaskus. Av stader i nærleiken finn ein Kafr Shams i nordvest, Deir al-Bukht i nord, Jabab i nordaust, Bassir i aust, Tubna i søraust, Inkhil i sørvest og Qayta i vest.[1]
Al-Sanamayn | |||
الصنمين | |||
by | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Daraa guvernement | ||
Distrikt | Al-Sanamayn-distriktet | ||
Nahiyah | Al-Sanamayn | ||
Høgd | 640 moh. | ||
Koordinatar | 33°04′16″N 36°11′3″E | ||
Folketal | 26 268 (2004) | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
![]() Al-Sanamayn 33.071111111111°N 36.184166666667°E / 33.071111111111; 36.184166666667 | |||
Wikimedia Commons: Al-Sanamayn | |||
I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS), hadde al-Sanamayn eit folketal på 26 268 i 2004. I tillegg til å vere senter i al-Sanamayn-distriktet, er byen òg det adminstrative senteret og den nest største byen i al-Sanamayn nahiyah («underdistrikt») som består av 16 busetnader med eit samla folketal på 113 316 i 2004.[2] Innbyggjarane i byen består hovudsakleg av sunnimuslimar.[3] Al-Sanamayn ligg 640 meter over havet.