From Wikipedia, the free encyclopedia
Akhurjan er ei elv i dei sørlege områda av Kaukasus. Ho har sitt utspring i Armenia, og strøymer langs grensa til Tyrkia, og fungerer som den geografiske grensa mellom dei to landa. Til slutt munnar ho ut i elva Aras, som ei sideelv, nær Bagaran. Akhurjan har eit nedslagsfelt på om lag 9 500 km2 og er 186 km lang.
Akhurjan | |||
armensk Ախուրյան tyrkisk Arpaçay russisk Ахурян | |||
elv | |||
Land | Armenia, Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 9 500 km² | ||
Lengd | 186 km | ||
Kjelde | Arpisjøen i Shirak i Armenia | ||
• høgd | 2 023 moh. | ||
Munning | Aras nær Bagaran | ||
Akhurjan 41.0677°N 43.6534°E | |||
Akhurjan og nedslagsfeltet (blått) i Armenia
| |||
Wikimedia Commons: Akhurian River | |||
Gjumri, den nest største byen i Armenia, ligg på austsida av elva. Langs Akhurjan finn ein også fire av dei tolv tidlegare hovudstadane i Armenia: Ani, Bagaran, Jervandasjat og Sjirakavan.
Då den bysantinske hæren kom til provinsen Sjirak i 1041, samla armenske adelsmenn (nakhararar) seg i lag mot dei, kommandert av Pahlavuni-generalen Vahram Pahlavouni. Vahram samla saman 30 000 infanteristar, og eit kavaleri på 20 000 og danna tre divisjonar som kjempa mot bysantinarane. [1] Slaget som følgde enda med at bysantinarane vart slakta. Kampane skal ha vore så kraftige at all blodet som rann ut i Akurjan farga vatnet raudt. [2][1] Bysantinarane etterlét 20 000 omkomne. Sigeren gjorde at Vahram Pahlavuni i lag med katolikos Petros Guedadarts kunne krone Gagik II som konge av Armenia og så ta festninga i Ani, som var i hendene på Vest Sarkis.
Brua over Akhurjan kan gå heilt tilbake til Bagratuni-dynastiet.[3], men sannsynlegvis er ho frå 1200-talet. Ein inskripsjon ein har funne i nærleiken seier at det vart gjort arbeid på vegen fram til brua tidleg på 1300-talet.[4]
Brua var bygd opp av ein enkel boge, som i dag har fall ned, og berre høge landfeste, som kan ha vore del ein av ein kraftig port, står igjen.[4] På 1800-talet fortalte reisande om eit vakthus like ved brua, men dette har gått tapt.[4]
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.