![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/5/52/AirGreenland_Airbus_%252811832722805%2529.jpg/640px-AirGreenland_Airbus_%252811832722805%2529.jpg&w=640&q=50)
Air Greenland
From Wikipedia, the free encyclopedia
Air Greenland A/S er eit grønlandsk flyselskap. Det er eigd av dei grønlandske sjølvstyresmaktene med ein eigardel på 75 % og den danske staten med ein eigardel på 25 %. Selskapet har hovudkontor i Nuuk.[1] I 2009 var det 668 tilsette i heile konsernet.[1]
Air Greenland | |||
![]() | |||
![]() | |||
Org.form | Aktieselskab | ||
---|---|---|---|
CVR‑nummer | 35835296 | ||
Skipa | 1960 | ||
Hovudkontor | Nuuk | ||
Land | Grønland, Danmark | ||
Grunnleggjar(ar) | SAS | ||
Nettstad | http://airgreenland.com |
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2d/Kangerlussuaq-airport-air-greenland-dhc6.jpg/640px-Kangerlussuaq-airport-air-greenland-dhc6.jpg)
Air Greenland har ein flåte på 37 fly, inkludert ein Airbus A330-200 som blir brukte til transatlantiske flygingar og charteroperasjonar, 10 fastvrnga fly som tener det grønlandske nettverket og sambandet til Island, og 26 helikopter som transporterer passasjerar mellom mindre folkesette stader og det nasjonale nettverket av flyplassar.[2] Flyreiser til omliggande bygder opererer på kontraktar med dei grønlandske sjølvstyresmaktene.[3] Nettverket av destinasjonar blir koordinert av departementet for bustadbygging, infrastruktur og transport.[4]
Selskapet driv òg charterflygingar, taxiflygingar og spesialflygingar i samband med søk, redning og luftambulanseteneste.[5] Det har òg charterturar til Thule Air Base under kontrakt med US Air Force og turar til gruvedriftsområde og stasjonar på den grønlandske innlandsis.[1] I 2009 var lengda av det vanlege nettverket 14 235 km med ei gjennomsnittleg utleigegrad på 79,3 %.[1]