![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/21/Agave_americana_R01.jpg/640px-Agave_americana_R01.jpg&w=640&q=50)
Agave
planteslekt / From Wikipedia, the free encyclopedia
Agave er ei planteslekt som er utbreidd i Karibia, Mexico og sørvestlege USA. Agaveslekta omfattar rundt 221 artar, der nokre få blir dyrka som prydplantar. Nokre av dei blir også brukt som potteplantar innandørs. Slektsnamnet betyr 'framifrå' eller 'storslått'.
Agave | |
![]() | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Infrarike: | Streptophyta |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Aspargesordenen Asparagales |
Familie: | Aspargesfamilien Asparagaceae |
Slekt: | Agave Agave L., 1753 |
Artane er fleirårige, urteaktige plantar utan eller med ein ganske kort overjordisk stengel. Blada er samla i tette rosettar, der dei enkelte blada er kjøtfulle eller lêraktige, spisse og som regel med tornete rand. Plantane i slekta veks i tropiske og subtropiske, tørre område og er ofte sukkulente eller inneheld mykje styrkevev i blada, så dei ikkje fell samen under tørkeforhold. Dei store amerikanske agavane blir kalla century plants[1] eller «Texas-asparges» i heimlandet sitt. Det går mange år før dei blomstrar, og etter at dei har blomstra, døyr som regel planten. Desse plantane er monokarpske, medan nokre Agave-artar er polykarpiske.[2](p30)
Blomane av nokre artar blir etne i mesomaerikanske matkulturar, der dei mellom anna er kjende som maguey-blomar. Nokre av artane blir brukt i Mexico til å laga tequila, og fiber frå andre blir brukt til bast og tauverk (sisal).