![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/1/10/P9147967_Agathonisi.jpg/640px-P9147967_Agathonisi.jpg&w=640&q=50)
Agathonísi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Agathonísi (gresk Αγαθονήσι) er ei øy i Hellas som høyrer til Dodekanesane i Egearhavet. Ho er omringa av mange mindre øyar og har to landsbyar: Megálo Khório og Mikró Khorió. Hamna på Agathonísi ligg i Ájos Jeórjos og her finn ein dei einaste hotella på øya. Øya ligg 67 km aust for Pátmos, ein båttur på om lag 2 timar og 30 minutt.
Kjappe fakta Agathonísi Lokalt namn Αγαθονήσι, Geografi ...
Agathonísi Lokalt namn Αγαθονήσι | |
---|---|
![]() Hovudhamna på Agathonísi | |
Geografi | |
![]() | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 37°30′N 26°58′E |
Øygruppe | Dodekanesane
|
Areal | 14,5 km²
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Kálymnos |
Største busetnad | Megálo Khório (189 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 202 (2021[1]) |
Folketettleik | 13,9 /km² |
Lukk
Agathonísi er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Kálymnos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Øya går òg under andre namn som det lokale Gáidaros og det antikke namnet Tragea. Det høgaste punktet på øya er 209 meter over havet.