From Wikipedia, the free encyclopedia
Aga Burjatia[lower-alpha 1] var eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland. Det var del av Tsjita oblast, men samstundes eit av føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Aginskoje, arealet var 19 300 km² og innbyggjartalet var 73 500 (2005). Den 1. mars 2008 vart distriktet slått saman med Tsjita oblast og danna det nye territoriet Zabajkalskij kraj.
Aga Burjatia | |||
Агинский Бурятский автономный округ Агын Буряадай автономито округ | |||
sjølvstyrt område | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-Sibir | ||
Del av | Den sibirske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Aginskoje | ||
Areal | 19 600 km² | ||
Folketal | 77 167 | ||
Språk | russisk, burjatisk | ||
Tidssone | UTC +9 | ||
Bilnummer | 80 | ||
Aga Burjatia 51°N 114.5°E | |||
Aga Burjatia på kartet over Russland i 2005.
| |||
Wikimedia Commons: Aga Buryatia | |||
Aga Burjatia var fullstendig omslutta av Tsjita oblast, sør i Sibir, nær grensa til Mongolia. Området er berglendt, høgste punktet er fjellet Alkhanaj, 1663 meter over havet. Om lag 30 % av arealet er skogkledd. Klimaet er kontinentalt, med kalde vintrar og varme somrar. Middeltemperaturen i januar er frå –22 til –26 grader celsius, i juli +18 til +20 grader celsius.
Aga Burjatia har ingen stader med bystatus. Ved folketeljinga i 2002 var fleirtalet burjatar (62,5 %). Russarar utgjorde 35,1 % av folketalet.
Burjatane, eit mongolsk folkeslag, vart underlagt russisk herredøme i 1648. Busetjinga Aginskoje vart grunnlagd i 1781. Etter den russiske revolusjonen i 1917 var det kampar mellom sovjetiske og "kvite" styrkar i området. Sovjetmakta vart etablert i 1920. Det autonome distriktet vart oppretta 26. september 1937. Etter oppløysinga av Sovjetunionen vart Aga Burjatia eit russisk føderasjonssubjekt.
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.